Fastnet Rock
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fastnet Rock (irsk An Charraig Aonair) er ei lita øy sør for Irland, 6,5 km sørvest for Cape Clear Island (Oileán Chléire) i County Cork og 13 km frå fastlandet. Øya ligg i Atlanterhavet. Øya stig 30 meter over sjøen ved fjøre sjø og gamle kjelder tyder på at namnet kjem frå det norrøne namnet Hvastann-ey.
Fastnet fyr | |||
Oppretta | 1904 | ||
---|---|---|---|
Fyrtårn | |||
Høgd | 44,4 m | ||
Fyrlys | |||
Lysstyrke | 38 000 cd | ||
Lyshøgd | 48,5 moh. | ||
Lysvidde | 27 nm | ||
Status | |||
Automatisert | 1989 | ||
Fastnet Rock 51.38833333°N 9.60166667°W / 51.38833333; -9.60166667 | |||
Fastnet Rock består av sjølve øya og ei mykje mindre øy kalla Little Fastnet 10 meter sør. Fastnet Rock vart òg kalla «Ireland's Teardrop», «Irland si tåre», sidan det var det siste irske stykke land dei irske emigrantane såg på veg til USA på 1800-talet, då dei segla forbi ho.
Fastnet Rock brukte å vere snupunktet i eit av dei største klassiske seglekonkurransane i verda, Fastnet Race, eit 979 km langt løp frå Cowes, rundt øya og til Plymouth.