Pink Floyd The Wall
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pink Floyd The Wall er ein film av den britiske filmregissøren Alan Parker frå 1982, basert på Pink Floyd-albumet The Wall frå 1979. Manuset var skrive av Pink Floyd sin vokalist og bassist Roger Waters. Sjølv om Waters tenkte på seg sjølv i hovudrolla, vart det til slutt Bob Geldof som fekk den jobben. Hovudrolla i filmen heitte Pink og var laust basert på livssoga til både Waters og den tidlegare frontfiguren i Pink Floyd, Syd Barrett. Filmen har òg Kevin McKeon i rolla som ein ung Pink, og Bob Hoskins og Joanne Whalley i små roller.
Filmen er svært metaforisk med mange symbolske bilete og lydar. Det er svært lite dialog i filmen og han har ei ikkje-lineær historie, som berre vert bore fram av tekstane i Pink Floyd sin musikk. Enkelte ser på filmen som ein einaste lang musikkvideo for heile albumet. Dei einaste songane på albumet som ikkje er med i filmen er «Hey You» (sjølv om det vart laga klipp som skulle brukast under filmen og råopptak finst som bonusmateriale på DVD-utgåva) og «The Show Must Go On».
Spreidd rundt i filmen finn ein femten minutt med utførlege animasjonssekvensar av den politiske karikaturteiknaren og illustratøren Gerald Scarfe, som spela ei sentral ei sentral rolle i den generelle estetikken til filmen. Animasjonssekvensane skildrar dristige og marerittaktige syn på krig, særleg skildringa av den tyske bombinga av England under andre verdskrigen, som følgjer songen «Goodbye Blue Sky».
Roger Waters har uttrykt at han var misnøgd med sluttresultatet av filmen, og skal ha vore ueinig med regissør Alan Parker under filminga, som sjølv låg ned arbeidet fleire gonger på grunn av konfliktar mellom han og Waters. Sjølv om Waters ikkje var nøgd, vert filmen sett på som ei verdig tolking av Pink Floyd-albumet av mange tilhengjarar, og ein god film i seg sjølv. David Gilmour har sagt at det var under produksjonen av filmen striden mellom han og Waters starta, og han har òg sagt at filmen var den dårlegaste forteljinga av historia samanlikna med album- og konsertversjonane.