Finnøy
tidlegare kommune i Rogaland fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Finnøy er ein tidlegare øykommune i Rogaland fylke. Kommunen vart slått saman med Stavanger kommune 1. januar 2020. Øyane ligg inst i Boknafjorden, 13 nautiske mil nord for Stavanger. Kommunen hadde grenser mot Hjelmeland på Ombo. Totalt landareal var 104 km².
Meir informasjon Tidlegare Finnøy, Politikk ...
Tidlegare Finnøy | |
---|---|
Komm.nr. | 1141 |
Fylke | Rogaland fylke |
Slått saman med | Stavanger kommune |
Dato for samanslåing | 1. januar 2020 |
Adm.senter | Judaberg |
Areal | 104 km² |
Folketal ved samanslåing | 3 197 |
Politikk | |
Siste ordførar | Henrik Halleland (KrF) |
Målform | nynorsk |
Nettstad | finnoy.kommune.no |
Close
- «Finnøy» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Finnøy (fleirtyding).
Judaberg var administrasjonssenter i kommunen. Folketalet per 1. januar 2018 var 3 197. Siste ordførar var Henrik Halleland.
Dei aller fleste innbyggjarane bur på 15 av øyane. Om lag halvparten av folkesetnaden bur på sjølve Finnøy, etter Finnøy har Sjernarøyane størst folketal. Tettstaden Judaberg på Finnøy er kommunesenter.