by i Herøy kommune Møre og Romsdal From Wikipedia, the free encyclopedia
Fosnavåg er administrasjonssenteret i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Det som tradisjonelt har blitt rekna som Fosnavåg ligg mellom Ytre Herøy kyrkje og Igesund, medan ein i folkemengda for byen Fosnavåg reknar med heile Bergsøya. Det er vanleg å rekne grunnkrinsane Fosnavåg sentrum, Øvre Fosnavåg og Nørvåg som delar av Fosnavåg, deriblant halve Huldal, Kleiva og Vågsholm.
Fosnavåg | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Herøy | ||
Areal | 3,11 km² | ||
Folketal | 3 524 (2023) | ||
Folketettleik | 1 133 / km² | ||
Postnummer | 6090 FOSNAVÅG | ||
Fosnavåg 62.341666666667°N 5.6338888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Fosnavåg | |||
Fosnavåg er ei naturleg hamn, den største i Noreg, og har difor vore ein naturleg samlingsstad for båtar som har operert i nærleiken.
Kommunestyret i Herøy vedtok 7. juni 2002 at Fosnavåg er ein by, noko som igjen bana veg for at Fosnavåg kunne få hamnestatus. Større skip som tidlegare måtte registrerast i Ålesund, kan no ha «Fosnavåg» i hekken. Det nye kystvaktskipet KV «Harstad», døypt 28. januar 2005, er blant dei fyrste med denne stadstilknytinga. «Bystatusen» førte også til ei større satsing frå handelsstanden og fleire butikkar har i dei seinare åra etterpå vorte samla under same tak.
Tettstaden Fosnavåg hadde 3 524 innbyggjarar per 1. januar 2023
Reiarlag som Havila Shipping ASA, Olympic Shipping AS, Rem Offshore, Solstad Offshore, Bourbon Offshore Norway AS, Remøy Shipping AS og Remøy Management AS har kontor i Fosnavåg. Desse reiarlaga utgjer ein stor del av den maritime klyngen på Sunnmøre.
Fosnavåg vart i desember 2008 og 2010 kåra til Norges Næringsby av tidsskrifta Kapital og konsulentselskapet Dun & Bradstreet.[1]
Fosnavåg er eitt av dei sjeldnaste slektsnamna i Noreg, då det per mars 2005 berre er 6 personar som har det.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.