Friidrett under Sommar-OL 1996
From Wikipedia, the free encyclopedia
Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1996 i Atlanta vart avvikla i tida 26. juli til 4. august 1996. Det vart tevla i 44 øvingar, 24 for menn og 20 for kvinner. 2 053 utøvarar frå 191 land deltok i tevlingane. Tevlingane fann stad på Centennial Olympic Stadium med plass til 85 000 tilskodarar.
Under tevlingane vart det sett to verdsrekordar. Donovan Bailey frå Canada vann 100 meter for menn på rekordtida 9,84 sekundar. Arrangørlandet sin Michael Johnson forbetra sin eigen ferske verdsrekord på 200 meter med heile 34 hundredels sekund til 19,32 sekundar.
I tillegg til dei to verdsrekordane vart ei rad olympiske rekordar forbetra. Norske Vebjørn Rodal vart olympisk meister på 800 m med 1.42,58, Haile Gebrselassie frå Etiopia vann 10 000 m på 27.07,3, og Allen Johnson frå USA sigra med 12,95 sekundar i 110 m hekk. Charles Austin og Kenny Harrison, begge frå USA, tok gullmedaljar i høgdehopp og tresteghopp med høvesvis 2,39 m og 18,09 m. Mellom kvinnene sette franske Marie-José Pérec olympisk rekord med 48,25 sekundar på 400 m, og Deon Hemmings frå Jamaica gjorde det saem med 52,82 sekundar på 400 m hekk. Kinesiske Wang Junxia vann 5000 m for kvinner på 14.59,8, medan Fernanda Ribeiro frå Portugal gjekk til topps i milløpet med 31.01,6. Inessa Kravets frå Ukraina forbetra trestegrekorden tl 15,33 m, og Jelena Nikolajeva frå Russland kom i mål på rekordtida 41.49 minuttar i 10 km kappgang.