From Wikipedia, the free encyclopedia
Funksjonshemming, funksjonsnedsetting eller handikap viser til ulike former for nedsett arbeids- eller funksjonsevne på grunn av psykiske, fysiske eller sosiale årsaker hos eit individ eller i omgjevnadene. Funksjonshemmingar kan vera lett synlege, som når ein kan sjå at ein lem manglar eller manglar funksjon, men mange er vanskelege å merka, til dømes når det gjeld astma, dysleksi og mange psykiske lidingar.
Funksjonshemmingar er også avhengige av situasjon. Lese- og skrivevanskar er ikkje synlege der ein ikkje bruker skrift. Blinde kan snakka på telefon utan at ein merkar at dei er blinde. Om nokon ikkje kan gå treng dei ikkje ha problem når dei sit eller køyrer. Behandling av funksjonshemming kan dermed føregå på to måtar: Ein kan prøva forbetra evnene dei funksjonshemma manglar gjennom hjelpemiddel eller terapi (til dømes briller, høyreapparat eller proteser), eller å gjera eit samfunn meir tilpassa ulike funksjonshemmingar, til dømes gjennom universell utforming.
Ein kan dela inn funksjonshemmingar på ulike måtar. Ein vanleg måte er denne:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.