Fyrstespegel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Fyrstespegel er ei form for instruksjonsbok for herskarar. Uttrykket siktar til ein slik populær litterær sjanger som oppstod under den europeiske mellomalderen og heldt fram til om lag 1700, sjølv om det finst nokre tildels svært liknande verk både frå Bysants og den arabiske verda. Slike verk inneheld ikkje berre praktiske råd for herskaren vert teke opp, men òg teologiske, filosofiske eller etiske diskusjonar om stoda i verda.
Denne typen verk fanst òg utanfor den mellomalderske europeiske sfæra, men uttrykket fyrstespegel dekker det europeiske fenomenet. Det gammalegyptiske verket «Lære for Merikare», datert til kring år 2000 fvt., kan reknast som ein oldstidsforlaupar for fyrstespeglane. Eit verk frå Kina kan òg nemnast, Daodejing.
Døme på fyrstespegel i både snever og breiare forstand er Kongsspegelen, Konunga och Hövdingastyrelsen, Via Regia, Kay Kawus Qabusnama og Kalila og Dimna.
Bidraget til renessansen i denne litterære sjangeren omfattar Erasmus frå Rotterdam sitt Institutio principis Christiani ('Utdanning av ein kristen fyrste') frå 1516, og i forma òg den florentinske Machiavelli si Il principe (Fyrsten, frå 1513, utgjeven posthumt i 1532), sjølv om sistnemnde kan ha hatt som løynd siktemål å tilretteleggja for fallet til fyrsten. Så seint som i 1740 skreiv Fredrik den Store av Preussen skriftet Anti-Machiavel, der han går imot synspunkt i verket til Machiavelli, mellom anna med tilvising til at viss kongen regjerer omsynslaust, så vert landet skada, fordi åtferda til kongen vil danna norm.