George Stephenson
From Wikipedia, the free encyclopedia
George Stephenson (9. juni 1781–12. august 1848) var ein engelsk ingeniør og forretningsmann som konstruerte det dampdrivne lokomotivet Rocket. Han stod bak byggjinga av den fyrste jarnvegen i verda, ein jarnveg som gjekk mellom byane Liverpool og Manchester, og som vart bygt for nettopp å ha nytte av damplokomotiv. Jarnvegen vart opna i 1830.
Kjappe fakta
George Stephenson | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 9. juni 1781 Wylam |
Død |
12. august 1848 (67 år) |
Yrke | sivilingeniør, oppfinnar, maskiningeniør, jernbaneingeniør, locomotive designer |
Språk | engelsk |
Løn | 100 britisk pund, 200 britisk pund, 660 britisk pund |
Ektefelle | Frances Henderson, Elizabeth Hindmarsh, Ellen Gregory |
George Stephenson på Commons |
Close
Stephenson fekk tilnamnet «Far til jarnvegen». I viktoriatida vart han i England, og vidare, halden fram som eit framifrå døme på flid, virke og trong til forbetringar. Han bygde jarnvegar med ei sporvidde på 1,435 m, noko som framleis er standard sporvidde i verda.