Germanske språk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei germanske språka er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien, dei går attende til eit felles opphavsspråk, urgermansk, eit språk som vart snakka i det som i dag er sørlege Skandinavia og nordlegaste delar av Tyskland. Dei fleste talarane av germanske språk bur i dag med andre ord utanfor det opphavlege språkområdet.