Giotto di Bondone
From Wikipedia, the free encyclopedia
Giotto (ca. 1267–8. januar 1337) eller Giotto di Bondone, 'Giotto frå Bondone', var ein italiensk målar og arkitekt frå Firenze. Han vert halden for å vere den fyrste viktige kunstnaren innan den italienske renessansen, og freskoane hans i Capella degli Scrovegni vert rekna som eit av dei største meisterverka frå den tidlege renessansen.
Kjappe fakta
Giotto di Bondone | |
Statsborgarskap | Den florentinske republikk |
Fødd | 1267 Vicchio |
Død | |
Yrke | kunstmålar, arkitekt, goatherd, bilethoggar, muralist, designar |
Språk | italiensk |
Far | Bondone |
Giotto di Bondone på Commons |
Lukk
- «Giotto» omdirigerer hit. For ESA-sonden, sjå romsonden Giotto.
Giotto og/eller verkstaden hans vert vanlegvis òg rekna for å ha måla den vidgjetne freskosuiten i skipet i overkyrkja i Basilica di San Francesco d'Assisi, som i 28 tablå skildrar livet til Sankt Frans frå Assisi. Men kunsthistorikarane er usamde om dette er eit verk av Giotto, eventuelt i kva grad han tok del i arbeidet.