Gås
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gås (fleirtal gjæser, hanngås ein gasse[1]) er det norske namnet for eit stort tal av fuglar i den biologiske familien Anatidae. Denne familien inkluderer òg svaner, som for det meste er større enn gjæser, og ender, som er mindre.
Gjæser er monogame og lever i par gjennom heile året, men i motsetnad til dei fleste andre monogame dyr er dei territoriale berre i hekketida. Gjæser med make er meir dominante og tar meir føde enn andre, det medverkar til større ungeproduksjon.