Grámmos
From Wikipedia, the free encyclopedia
Grámmos (gresk Γράμμος) eller Gramos er ei fjellkjede nordaust i periferieininga Ioánnina og vest i Kastoriá i Hellas, i tillegg til søraust i Albania. Fjellet er den nordlegaste fjellkjeda i fjellkjeda Píndos. Det høgaste punktet er på 2 520 moh. Det har gjeve namn til landsbyen Grámos vest i Kastoriá. Fjellkjeda er om lag 25-30 km lang frå nordvest til søraust og 15-20 km brei.
Grámmos Γράμμος | |||
fjell | |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Område | Ioánnina | ||
Høgd | 2 520 moh. | ||
Koordinatar | 40°30′N 20°45′E | ||
Grámmos 40.333333333333°N 20.75°E / 40.333333333333; 20.75 | |||
Wikimedia Commons: Grammos | |||
Grámmos var ein skanse for kommunistane under den greske borgarkrigen og åstad for eit slag i 1949. Det er framleis minefelt etter borgarkrigen på fjellet, som gjer ferdsel her farleg.
Frå toppen kan ein sjå det søraustlege Albania, fjella i periferieininga Kastoriá og dei fleste dalane og innsjøane her, Vóiofjella og det nordaustlege av periferieininga Ioánnina, i tillegg til Smólikas og delar av Týmfi.