Avling, avl eller grøde viser til dei hausta delane av kulturplantar som folk gjer seg nytte av.[1]

Thumb
Sortering av ei laukavling.

Mengd

Ein måler vanlegvis avling i kilogram per dekar (kg/daa). Statistisk sentralbyrå gjev hovuddefinisjonen av avling som innhausta produksjon per arealeining. Andre avlingsdefinisjonar kan vera:

  • totalavling
  • nyttbar avling, av seld avling og eige forbruk
  • hausta avling, danna av seld avling, eige forbruk og tap og svinn etter hausting
  • biologisk avling, som er sett saman av hausta avling, tap under innhausting og ikkje hausta avling[2]

Både mengda og kvaliteten på avlinga avgjer kor vellykka ein vekstsesong har vore. Klima, lengda på vekstperioden, tilgangen på vatn og næring, tilstanden på jordsmonnet og eventuelle skadedyr eller sjukdommar påverkar også resultatet.[1]

Typar

Avlingar kan delast inn etter bruksområde:[3]

  • Mat for menneske, som kveite, ris, mais, potet, frukt og grønsaker
  • Dyrefor, til dømes gras, høy, kløver, lusern
  • Fiber til tau og tekstil, som bomull, lin, hamp
  • Olje, som raps, mais, oljepalme, oliven
  • Dekorasjon, som ulike blomar og buskar
  • Industri og råvarer, som gummi og tobakk

Galleri

Sjå òg

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.