Ummagumma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ummagumma er det fjerde albumet til det engelske rockebandet Pink Floyd. Det er eit dobbeltalbum og kom ut 7. november 1969 på Harvest Records.[4] Den første plata består av konsertopptak frå Mothers Club i Birmingham og College of Commerce i Manchester av songar som var ein del av setlista deira på den tida, medan den andre plata inneheld solokomposisjonar av kvart bandmedlem spelte inn i Abbey Road Studios.[5][6] Plateomslaget vart designa av dei faste designarane deira Hipgnosis og består av ei rekkje bilete av bandet som vart sett saman til å gje ein Droste-effekt.
Ummagumma Studioalbum av Pink Floyd | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. november 1969 | |
Innspelt | 27. april og 2. mai 1969 (konsertplata) | |
Studio | Abbey Road Studios i London | |
Spelestad |
| |
Sjanger |
| |
Lengd |
| |
Selskap | Harvest | |
Produsent |
| |
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
More (1969) |
Ummagumma | Atom Heart Mother (1970) |
Pink Floyd konsertalbum-kronologi | ||
Ummagumma | Delicate Sound of Thunder (1988)
|
Albumet vart godt motteke då det kom og nådde topp fem på den britiske albumlista, likevel har fleire av bandmedlemane seinare omtala det i heller negative vendingar. På same måten som resten av katalogen til Pink Floyd er albumet utgjeve fleire gonger.