Store Saltsjø (engelsk Great Salt Lake) er ein endorheisk innsjø i Utah. Den dekker om lag 4400 km², men vasshøgda varierer frå år til år. I 1963 var vasstanden på sitt lågaste og sjøen dekte berre ca. 1529 km², medan den i 1987 dekte 5311 km², som er rekorden i dag. På grunn av at fordamping er den einaste måten vatn kan forsvinne på har sjøen fått kallenamnet «America's Dead Sea» (Amerikas dødehav).

Kjappe fakta
Store Saltsjø
innsjø
Thumb
Thumb
Store Saltsjø
41.166666666667°N 112.58333333333°W / 41.166666666667; -112.58333333333
Wikimedia Commons: Great Salt Lake
Lukk

Bakgrunn

Store Saltsjø var ei gong i tida ein del av Bonnevillesjøen, som var på storleik med Michigansjøen og mykje djupare. Bonnevillesjøen var rundt ti gonger større og rundt 305 meter djup. Den dekte store delar av dagens Utah og mindre delar i Idaho og Nevada under istida for mellom 32 000 og 14 000 år sidan. Då klimaet endra seg begynte den store Bonnevillesjøen å tørke opp, og det einaste som vart att etter den enorme sjøen var Store Saltsjø, Utahsjøen, Seviersjøen, Rushsjøen og Vesle Saltsjø.

Øyer

Antelope Island er den største øya i Store Saltsjø og er ein eigen nasjonalpark.


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.