Guillaume de Machaut
fransk poet og komponist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Guillaume de Machaut, stundom og kalla Machault (1300–1377) var den førande komponisten innanfor ars nova i Frankrike. Han var òg den første som skreiv for fire stemmer, der det før hadde vore vanleg med tre. Han skreiv både verdsleg og geistleg musikk, og er stundom kalla den siste trubaduren i mellomalderen. Han var òg ein framståande diktar i tida, og den første ein har meir vidfemnande biografisk kunnskap om. Machaut tydde mykje for utforminga av motetten, og var den første til å skrive ei samanhengande messe, Messe de Nostre Dame frå 1346.