Gulating lagmannsrett
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gulating lagmannsrett er ein av dei seks lagmannsrettane i Noreg, og har sete i Bergen. Domstolen held til i eit eige tinghus som er bygd ved Festplassen i sentrum av Bergen.
Lagdømmet omfattar fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane og i tillegg Sirdal kommune i Vest-Agder, sjå oversynet nedst på sida over dei tingrettane som høyrer til Gulating lagdømme. Gulating lagmannsrett er den nest største lagmannsretten i Noreg, både rekna etter talet på saker og talet på dommarar (33).
Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet - både i straffesaker og i sivile saker. Avgjerder i lagmannsretten kan ankast til Høgsterett, men det gjeld særskilde reglar for kva avgjerder som kjem til førehaving i Høgsterett.