Guru Granth Sáhib
From Wikipedia, the free encyclopedia
Adi Granth, oftast omtala som Sri Guru Granth Sáhib dji, er den heilage boka i sikh-trua. Boka vart samla i 1604 av Guru Ardjan, den femte sikh-guruen. Sidan 1708, då ho vart den ellevte guruen deira, har sikhar sett på henne som den levande kroppsleggjeringa av dei tidlegare guruane.
Namnet «Guru Granth Sáhib» inneheld tre ord som har spesielle tydingar her. «Guru», som i opphav er eit sanskrit ord, tyder lærar, særleg religiøs lærar. Sikhane og hinduane meiner at gu tyder ‘mørk’ og ru tyder ‘lys’. Ordet viser derfor at boka leier menneske frå eit liv av mørk fåkunne til Gud sitt lys. «Granth» på hindi og sanskrit tyder berre «bok», men sikhane tolkar det som «den heilage boka av gurdvaraene». «Sáhib» tyder venn, eigar eller herre og viser her at boka er leiaren som sikhar må følgja.