![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ef/Kumulativer_Strahl_Hohlladung.png/640px-Kumulativer_Strahl_Hohlladung.png&w=640&q=50)
Hólladning
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei hólladning er ei sprenglading som er forma slik at energien vert fokusert. Ulike typar vert brukt for å forma metall, atomvåpen og trenga gjennom panser. Ei typisk moderne hóllading kan trenga gjennom panserstål til omtrent 7 gonger diameteren til ladninga.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ef/Kumulativer_Strahl_Hohlladung.png/640px-Kumulativer_Strahl_Hohlladung.png)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/09/Hohlladung_im_Schnitt.jpg/320px-Hohlladung_im_Schnitt.jpg)
Ei typisk hólladning er laga av ein massiv sylinder av sprengstoff med ei konisk hóllading i den eine enden. Dette holrommet er belagt med eit tett, formbart metall som til dømes kopar. Når ladninga vert detonert frå den andre enden, vert koparen projisert ut i ein tynn, flytande stråle med ein toppfart opp til 12 km/s. Trykket som vert skapt tvingar metallet som vert treft til å gje seg og vert pressa unna i ein hydrodynamisk respons.
Avstanden mellom materialet som skal penetrerast og metallkonusen av kopar kallast standoff. Denne avstanden trengst for at jetstrålen skal rekkja å strekkja seg ut for å gje best mogleg inntrengningsevne. Den optimale avstanden er vanlegvis ein avstand som er 3-6 gonger diameteren til ladninga (kaliber).
Holladningsprinsippet vart utnytta til panservernsvåpen først under andre verdskrigen, i den tyske invasjonen av Belgia i 1940. Mot slutten av krigen brukte òg andre land prinsippet i nokre av sine panservåpen.
Motmiddelet mot holladningsgranater er reaktivt panser.