![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/df/Hamlet.jpg/640px-Hamlet.jpg&w=640&q=50)
Hamlet
tragedie av William Shakespeare / From Wikipedia, the free encyclopedia
Hamlet er eit skodespel av dramatikaren og skodespelaren William Shakespeare. Det vart skrive mellom 1598 og 1602, og vart trykt fyrste gong i 1603. Hamlet er eit av Shakespeares mest vidgjetne og oppførte stykke. Det svært kjende sitatet «Vera hell ikkje vera – det er saki» ('To be, or not to be, that is the question') kjem herifrå. Sjølve kjernen i historia stammar frå Saxo Grammaticus. I verket Gesta danorum, skildra Saxo myten om prins Amletus, eller Amleth. Shakespeare la denne historia til Elsinore, dvs. Helsingør. Kronborg slott vert difor ofte av turistar kalla «Hamlet's Castle».
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/df/Hamlet.jpg/640px-Hamlet.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/ae/Hamlet_play_scene_cropped.png/640px-Hamlet_play_scene_cropped.png)