Hastings på New Zealand
by på New Zealand / From Wikipedia, the free encyclopedia
Hastings er ein by og administrasjonssenter i Hastings District i regionen Hawke's Bay på Nordøya på New Zealand. Hastings ligg inne i landet, innanfor byen Napier.
Hastings Heretaunga (Maori) | |
---|---|
Hastings sentrum | |
Styresmakter | |
New Zealand | Territorial Authority (Distrikt) |
Mayor | Lawrence Yule |
Geografi | |
Flatevidd | 24,43 km² |
Flatevidd - Distrikt |
35 229 km² |
Innbyggjarar[1] - Distrikt (2008) - folketettleik - Byområde |
73 800 14,1/km² 64 700 |
Koordinatar | Coordinates: Missing longitude |
Høgd over havet | 11 m |
Tidssone - Ved sommartid |
+12 (UTC) +13 (UTC) |
Region: Hawke's Bay | |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.hastingsdc.govt.nz | |
Plassering | |
Hastings District Council |
Mindre enn 20 km skil bysentera i Hastings City og Napier frå kvarandre, og derfor vert byane ofte kalla Tvillingbyane eller Byane i bukta. Folketalet i dei urbane områda til Napier og Hastings er 122 600. Dette gjer Napier-Hastings til det femte største urbane området i landet med eit innbyggjartal på meir enn 122 600, tett følgt av Tauranga (116,000) og Dunedin (114,900).
Lokalstyreordninga til desse to byane er likevel ulik. Medan Napier har status som City og vert administrert av eit City Council, mista Hastings City sin city-status i 1989 då byen vart slegen saman med Havelock North, Waimarama og Clive, fleire andre mindre busetnadar og eit ruralt omland for å danna Hastings District. Dette har gjeve Hastings det største folketalet av dei to sentera med eit innbyggjartal på 73 800.[1]
Hastings District er sett saman av tre større sentrum: Hastings city, Flaxmere og Havelock North. Desse sentera er omgjevne av 38 landlege busetnadar, mellom desse er Clive og Bridge Pā. Hastings District har eit areal på 5 229 km², og har 1,7 % av populasjonen på New Zealand. Dette gjer distriktet til det 14. i rekkja av i alt 74 territorial authorities (distrikt).
Sidan samanslåinga med omkringliggjande busetnadar og satellittbyar har Hastings vakse til å verta det største urbane området i Hawke's Bay. No er byen hovudsenteret for handel og industri i regionen, og dette viser seg med det stadig veksande talet på mange-etasjars kontorbygningar i sentrum av byen. Hastings har vakse snøgt gjennom føremålstenleg byplanlegging, jarnvegen som går gjennom byen frå nordaust til sørvest, og hovudvegen Heretaunga Street som kryssar han frå aust mot vest, og som også gir byen samband med forstadane Havelock North og Flaxmere.