fransk departement From Wikipedia, the free encyclopedia
Haut-Rhin (Øvre Rhinen på norsk) er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Alsace, og er kalla opp etter elva Rhinen.
Haut-Rhin | |
---|---|
Våpenskjoldet til Haut-Rhin | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 68 |
Region: | Alsace |
Préfecture: | Colmar |
Sous-préfectures: | Altkirch Guebwiller Mulhouse Ribeauvillé Thann |
Arrondissement: | 6 |
Kantonar: | 31 |
Kommunar: | 377 |
Président du conseil général: | Charles Buttner |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 29. |
-1999 | 708 025 |
Folketettleik: | 201/km² |
Landareal¹: | 3 525 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Haut-Rhin er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå den sørlege delen av den tidlegare provinsen Alsace.
Grensene har vorte endra fleire gonger:
Departementet er i dag ein del av regionen Alsace og grensar til departementa Territoire de Belfort og Vosges og fjella Vogesane i vest, Bas-Rhin i nord, Sveits i sør og på andre sida av Rhinen i aust ligg Tyskland. Sentralt i departementet ligg ei frodig slette. Klimaet er delvis kontinentalt.
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Haut-Rhinois.
Haut-Rhin er eit av dei rikaste departementa i Frankrike. Mulhouse er heimstad til bilfabrikken Peugeot, og produserer modellane 106 og 206. Den lågaste arbeidsløysa i Frankrike finn ein i området Sør-Sundgau (om lag 2 %). Mange innbyggjarar i departementet arbeider i Sveits, særleg i kjemiindustrien i Basel, men har vald å bu i Frankrike på grunn av billigare levekostnadar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.