Helsingfors Tunnelbana
From Wikipedia, the free encyclopedia
Helsingfors Tunnelbana i Helsingfors, finsk: Helsingin metro, er det einaste tunnelbanesystemet i Finland. Det er den nordlegaste tunnelbanen i verda. Banenettet er ei line i aust-vestleg retning, som forgreinar seg ein gong, i den austlege delen. Det er 16 stasjonar, 8 over og 8 under jorda. Toga går enten mellom Gräsviken (fi. Ruoholahti) og Mellungsbacka (Mellunmäki) eller mellom Nordsjö (Vuosaari) og Gräsviken, sporet forgreiner seg ved Östra Centrum (Itäkeskus).
Metroen vart opna i 1982, som eitt spor frå Östra Centrum til Hagnäs (Hakaniemi). Året etter opna dei Järnvägstorget (Rautatientori) og Kampen (Kamppi) også. I 1988 vart sporet forlenga til Mellungsbacka, og til Gräsviken og Nordsjö på 90-talet.
Tunnelbanen blir drive av Helsingfors stads trafikverk (HKL, Helsingin kaupungin liikennelaitos).