aserbajdsjansk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Heydər Əlirza oğlu Əliyev (10. mai 1923–12. desember 2003) eller Geidar Alijevitsj Alijev var i fleire tiår den mektigaste politikaren i Aserbajdsjan, fyrst i sovjetrepublikken Aserbajdsjan som generalsekretær i sentralkomiteen til kommunistpartiet i Aserbajdsjan i perioden 1969-82, deretter som medlem av politbyåret i Sovjetunionens kommunistiske parti (SUKP) i fem år. Generalsekretæren i partiet, Mikhail Gorbatsjov, tvinga Əliyev til å trekke seg grunna korrupsjon.
Heydər Əliyev | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Aserbajdsjan |
Fødd | 10. mai 1923 Nakhitsjevan |
Død |
12. desember 2003 (80 år) |
Yrke | politikar |
Språk | Aserbajdsjansk, russisk |
Politisk parti | Sovjetunionens kommunistiske parti, Yeni Azərbaycan Partiyası |
Medlem av | Politbyrået i Sovjetunionen |
Religion | Sjiaislam, Islam |
Far | Alirza Aliyev |
Ektefelle | Zarifa Aliyeva |
Nettstad | http://www.heydar-aliyev-foundation.org/ |
Heydər Əliyev på Commons |
Etter Sovjetunionen braut saman i 1991/92 var Əliyev president i det sjølvstendige Aserbajdsjan frå 1993 til ein månad før han døydde i 2003, på eit sjukehus i Cleveland i delstaten Ohio i USA. Sterk persondyrking prega presidenttida, og eit autokratisk system bygt på slekt- og klanmedlemer tok form, smurt gjennom store oljeinntekter og eit patron-klient-system.
Sonen İlham Əliyev tok makta i Aserbajdsjan etter faren.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.