Himmel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Himmel (norr. himinn, tysk Himmel) er den synlege atmosfæren ein kan sjå over seg når ein er utandørs. I tillegg kan ordet visa til «himmelen» eller «himmeriket», eit paradis ein kan koma til etter døden.
Om dagen vil himmelen på jorda ha ein farge. Ein klar himmel ser blå ut, med raudlege tonar i samband med demring og skyming, på grunn av rayleighspreiing av sollyset. Ein skydekt himmel kan sjå kvit eller grå ut. Om natta ser himmelen svart ut. Om det er klart vil ein sjå stjerner og andre himmellekamer som lyspunkt, og ofte også månen.