From Wikipedia, the free encyclopedia
Hamp eller harp (Cannabis sativa) er ein eittårig vokster med gulgrøne blomar og motsette handklovne blad. Voksteren hev vore nytta til tog, ty og anna gjenom soga, men er no like kjend som rusingsråd.
Hamp, harp | ||
| ||
Skipnad | ||
Rike: | Plantae | |
Klassa: | Magnoliopsida | |
Orden: | Apiales | |
Ætt: | Cannabáceæ | |
Ættgrein: | Cannabis | |
Kynd: | C. sativa | |
Hamp ættar frå Asia. Han er mykje dyrka i Sudaust-Europa, Italia og Japan. Tidlegare vart voksteren dyrka i Sverike, og det vart òg freista i Noreg. Voksteren er funnen på avfallsplassar og liknande yver heile Noreg, men er ikkje rekna som reproduserande.[1]
Hamp er serbu. Hannvoksteren hev finare bast enn hovoksteren, og gjev difor betre hampetrevlar.
Ordet hamp er upphavleg eit lån frå gresk κάννᾰβῐς (kánnabis), men tidleg nog til at logi hans Grimm verka på det og gjorde k og b til h og p. Utfallet vart *hanapiz og gav norrøne *hanpr etter synkopetidi. Seinare vart det hampr som er upphavet til den nynorske formi.
Harp er truleg av same upphav, men umlaga etter horr ‘linstrå’.
Hamp er ei av dei vanlegaste rusingsrådene i verdi, og er millom anna nytta som lækjeråd for ymse sjelelege lidingar. Berre koffein, alkohol og nikotin er meir nytta.
Rusingsrådi finst i fleire former. Ei av dei vanlegaste er kvåda. Hampekvåda er ei seig væta voksteren skil ut i høgfjellsstrok på kring 1000 meter. På engelsk er denne væta kalla hashish, frå arabisk ḥašīš ‘turka urt’. Ei onnor form er bladi, blomane og skoti, ofte frå hoa. Desse vert turka og eignar seg difor best i sigarettar, medan kvåda krev jamn verming.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.