Hornfuglar
fuglefamilie / From Wikipedia, the free encyclopedia
Hornfuglar, og kalla nashornfuglar og hornfuglfamilien, vitskapleg namn Bucerotidae, er fuglar med utbreiing i tropisk og subtropisk Afrika og Asia. Kjenneteiknet for hornfuglar er eit kraftig og nedbøygd nebb som ofte har klåre farger og som kan ha ein utvekst på oversida av overnebbet. Både det vitskaplege namnet på familien og det norske namnet viser til forma på nebbet, gresk 'buceros' = kuhorn. I tillegg har dei todelt nyre. Dei to første nakkevirvlane hos hornfuglar er samanvaksne, truleg gjev det ein meir stabil plattform for å bere nebbet, hornfuglar er dei einaste med ein slik virvel. Fuglane i familien er altetande, dei beitar på frukt og smådyr. Dei er vanlegvis monogame holerugarar med reir i tre, somme artar òg i fjellskrentar. Ei rekkje artar av hornfuglar er trua av utrydding, dette er hovudsakleg artar med avgrensa leveområde på øyar.
Hornfuglar | |
Malabarhornfugl Ocyceros griseus Foto: Rathika Ramasamy | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av hornfuglar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Horn- og hærfuglar Bucerotiformes |
Familie: | Hornfuglar Bucerotidae Rafinesque, 1815 |