Hygrometer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hygrometer er eit instrument som blir brukt for å måle fukt. Eit psykrometer er eit enkelt hygrometer som består av to termometer, der det eine har ein følar som er konstant våt og målar våttemperaturen. Fordamping frå følaren fører til lågare temperatur, slik at termometeret vanlegvis viser lågare temperatur enn det tørre termometeret. Når lufttemperaturen er under frysepunktet kan derimot våttermometeret (som då er dekt med eit tynt islag) vise høgare temperatur enn tørrtermometeret. Relativ fukt blir rekna ut ved hjelp av dei to temperaturane, eller ved å bruke psykrometeriske diagram. Eit instrument som nyttar seg av tørr/våttemperaturmetoden er slyngepsykrometeret, der termometera er festa til eit handtak eller eit tau, som ein så slynger rundt i lufta eit par minutt.
Det finst fleire andre hygrometer som er vanleg å bruke. Ofte blir det brukt menneske- eller dyrehår som blir stramma for å finne luftfukta. For å kunne sjå endringa over tid registrerer mange hygrometer målingane på eit papir som ein så kan lese av.