Verdas naturvernunion
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdas naturvernunion eller Den internasjonale naturvernorganisasjonen (IUCN) (International Union of Conservation of Nature, IUCN) er ein internasjonalt organisasjon for naturvern. Han vart skipa i 1948 og har hovudsete i Gland i Sveits.
Verdas naturvernunion | |||
| |||
Type | internasjonal organisasjon | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1948 | ||
Hovudkontor | Gland | ||
Verkeområde | verdsfemnande | ||
Omsetjing | 148 000 000 US-dollar (2019) | ||
Tilsette | 1 100 | ||
Nettstad | https://www.iucn.org |
Oppgåva for IUCN er å oppmuntre og påverke avgjerder og å assistere verdssamfunnet til å ta vare på heilskapen og variasjonen i naturen, og å tryggje at utbytting av naturressursar er rettferdig og berekraftig. Han organiserer eit nettverk for miljøarbeidet i meir enn 80 regjeringar, meir enn 110 offentlege byrå og meir enn 800 ikkje-statlege organisasjonar. Nettverket kan engasjere 10 000 frittståande ekspertar og vitskapsfolk i meir enn 180 land.
IUCN tilrår nye medlem på UNESCO si verdsarvliste over natur- og kulturminne. Organisasjonen er òg kjent for arbeidet med å redigere ei global raudliste over trua plante- og dyreartar. Den nasjonale raudlista frå 1998 og Norsk Raudliste 2006 er sett opp ut frå kriteria til IUCN.