Islendingesogene
From Wikipedia, the free encyclopedia
Islendingesoger, tidlegare kalla ættesoger, utgjer ein av dei mest berømte og originale delane av den norrøne litteraturen. Islendingesogene er skrivne av islendingar og handlar for det meste om menneske og hendingar på Island. Dei gir eit fargerikt og dramatisk bilete av det islandske samfunnet i perioden frå starten på landnåmstida rundt 870 og fram til tidleg på 1000-talet, då Island var kristna. Denne tida, som islendingane kallar sǫguǫld (sogetida), var prega av harde og ofte blodige konfliktar mellom mektige høvdingeætter. I mange soger skjer delar av handlinga i Noreg og andre nordiske land. Ein reknar med at dei fleste islendingesogene er skrivne på 1200-talet, altså 200-300 år etter at hendingane som er skildra skal ha funne stad. Nær på 40 islendingesoger er bevarte. Vi kjenner ikkje sikkert forfattarane bak nokon av dei, men nokre forskarar har meint at Snorre Sturlason, den fremste kongesoge-forfattaren, har skrive Soga om Egil Skallagrimsson.