Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier (fødd 14. januar 1705 i Frankrike, død 1786 i Saint-Malo) var ein fransk sjømilitær og oppdagar. Han oppdaga Bouvetøya i 1739, men var aldri sjølv i land på øya.

Kjappe fakta
Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier
Thumb
StatsborgarskapKongedømet Frankrike
Fødd14. januar 1705
Pleudihen-sur-Rance
Død

1786 (81 år)
Saint-Malo

Yrkeoppdagar, navigatør, kolonitjenestemann
Språkfransk
Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier på Commons
Lukk

Tidleg liv

Charles Bouvet vart som sjuåring foreldrelaus. Han voks opp i Paris og kom sidan til Saint-Malo for å studere sjøfart og navigasjon.

I 1731 vart han utnemnd till løytnant i Compagnie des Indes (Det franske austindiske kompaniet). I 1733 vart det planlagt ein ekspedisjon som skulle søke etter nye områder og handelsmål sør i Atlanterhavet.

Ekspedisjonen til sør i Atlanterhavet

Thumb
Kart over ekspedisjonen 1738-1739.

Den 19 juli 1738 forlét Charles Bouvet hamna i  Lorient med fartya «L'Aigle» og «La Marie».

Dei nådde Santa Catarina-øyane utanfor Brasil i oktober, der dei låg ved hamn i ein månad for reparasjonar og lasting.

Deretter fortsette reisa sørover og den 10. desember kom ekspedisjonen fram til ukjent vatn sør for 45. breiddegraden. Dei kom inn i tjukk tåke i fleira dagar og da ho letta var det berre isfjell og pingvinar å sjå.  Charles Bouvet skildra dette som «eit amfibisk kreatur, som ser ut som ein lang and men som har finnar i staden for vingar».

Tåka tiltok da ekspedisjonen fortsette i sikksakk-kurs i søking etter land. Den 1. januar 1739 såg dei land som var høgt og dekt med snø. Charles Bouvet trudde at han hadde funne ein del av Sydlandet Terra Australis og namngav området «Kap Circumcision», men klarte ikkje å gå i land.

Under reisa ramma sjukdom dei fleste av mannskapet, mest skjørbuk, og Charles Bouvet vart tvinga til å avbryte reisa. Ekspedisjonen sette kurs austover for ta seg til Kapp det gode håp som dei nådde 24. februar, og fire månader seinare nådde dei igjen Lorient den 24. juni 1739.

Seinare liv

Etter heimkomsten vart ein overtydd om at eit eventuelt «Sydland» truleg ville ligge lengre sør enn ein tidlegare hadde trudd.

I mars 1750 vart Bouvet utnemnd til guvernør i Maskarenane. Han verka som guvernør fram til 1752 og deretter i ytterlegare ein periode i frå 1757 til 1763.

Seinare drog han tilbake till Frankrike, og døydde i Saint-Malo i 1786.

Kjelder

  • Alan Gurney, Below the Convergence: Voyages Towards Antarctica 1699-1839, New York, (1997)

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.