From Wikipedia, the free encyclopedia
Joanna Fiodorow (fødd 4. mars 1989) er ein polsk tidlegare sleggjekastar frå Augustów. Ho vann i 2019 VM-sølv i øvinga, tidlegare sikra ho seg bronsemedaljen både i EM 2014 og EM 2018.
Joanna Fiodorow | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 4. mars 1989 (35 år) Augustów |
Idrett | friidrett |
Tok del i | VM i friidrett 2011, VM i friidrett 2015, EM i friidrett 2014, Sommer-Universiaden 2015, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Sleggekast damer, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Sleggekast kvinner, Friidrett under Sommar-OL 2020 – Sleggekast kvinner |
Fiodorow vart nummer 10 i sleggjekasting under dei olympiske leikane i London i 2012. To år seinare tok ho bronsen i øvinga ved europameisterskapen i Zürich, meteren bakom sølvvinnar Martina Hrašnová frå Slovakia og heile fem meter kortare enn hennar eiga landskvinne, Anita Włodarczyk.
Den 29. juli 2017 sette Fiodorow personbeste med 75,09 meter ved eit stemne i Cetniewo. I europameisterskapen 2018 tok ho ein ny bronsemedalje, atter var landskvinna Anita Włodarczyk i ei eiga klasse. Under verdsmeisterskapen i Doha hausten 2019 kasta Fiodorow 76,35 meter, ny livsbeste i sleggjekast og sølvmedalje.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.