![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4e/Judenburg_vom_Liechtensteinberg_Panorama.jpg/640px-Judenburg_vom_Liechtensteinberg_Panorama.jpg&w=640&q=50)
Judenburg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Judenburg er ein kommune i distriktet Murtal i forbundslandet Steiermark i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 63,8 km² og i kring 10 000 ibuarar, 8 500 av dei bur i byen Judenburg, 737 meter over havet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4e/Judenburg_vom_Liechtensteinberg_Panorama.jpg/640px-Judenburg_vom_Liechtensteinberg_Panorama.jpg)
Byen har sitt namn etter jødiske handelsmenn som var aktive her frå 1000-talet. I dag er byen eit industri- og handelssenter for nærområda, med tilhøyrande skulestell.
Langrennaren Alois Stadlober, skirennaren Renate Götschl og skiskyttaren Christoph Sumann er alle frå Judenburg.