Kåre Kristiansen
norsk politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kåre Gulbrand Kristiansen (fødd 11. mars 1920 i Bergen, død 3. desember 2005) var ein norsk politikar for Kristeleg folkeparti (KrF). Han var ein markant politikar i nærare 40 år. Han la vekt på kristendom, samarbeid og framhjelp av staten Israel, abortmotstand og norsk medlemskap i EU.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Kåre Kristiansen | |||
Kåre Kristiansen i 2004 Foto: Tore Schrøder | |||
Fødd | 11. mars 1920 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 3. desember 2005 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Institusjonar | Noregs Statsbanar | ||
Barn | Stein Kåre Kristiansen | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Alle verv |
|
Lukk
Kristiansen stod mellom anna sentralt i gjennomføringa av folketrygda i 1967, då han var statssekretær i Sosialdepartementet for Egil Aarvik.
Han vart av mange oppfatta som ein representant for høgresida i partiet. I 1989 trekte han seg som stortingsrepresentant. Grunngjevinga var at KrF hadde fjerna seg frå sin gamle kurs.
Kristiansen var motstandar av fjerninga av israelske busetjarar frå Gazastripa.