Kérkyra
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kérkyra eller Korfu (gresk Κέρκυρα, i antikken Κέρκυρα eller Κόρκυρα, italiensk Corfu (òg nytta på mange andre språk)) er ei øy i Det joniske havet i Hellas. Ho ligg utanfor kysten av Ípiros og Albania, og mellom øya og fastlandet går det eit 3 til 23 km breitt sund.
Kérkyra Lokalt namn Κέρκυρα | |
---|---|
Den vesle øya Pontikonísi i bakgrunnen med klosteret Vlakhernón føre. | |
Geografi | |
Stad | Det joniske havet |
Koordinatar | 39°37′N 19°49′E |
Øygruppe | Dei joniske øyane
|
Areal | 580 km²
|
Høgaste punkt | Pandokrátor (906 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei joniske øyane Kérkyra |
Største busetnad | Kérkyra by (23 541 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 98 127 (2021[1]) |
Folketettleik | 169,2 /km² |
Kérkyra, saman med dei tre småøyane Erikoússa, Mathráki og Othoní i nordvest, er frå 2019 delt inn i tre kommunar: Nord-Kérkyra, Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane og Sør-Kérkyra.[2] Dei høyrer administrativt til under periferieininga Kérkyra i periferien Dei joniske øyane, som òg omfattar periferieininga kommunen Paxí.[3]
Hovudbyen på øya og i periferieininga er Kérkyra by. Her ligg mellom anna Det joniske universitetet. Øya har ei rik historie, samanvoven med den greske historia heilt frå mytologisk tid.
Det greske namnet Kérkyra er knytt til to mektige symbol på vatn: havguden Poseidon og Asopos, ei viktig elv på det greske fastlandet. I følgje mytane skal Poseidon ha forelska seg i den vakre nymfa Korkyra, dottera til Asopos og elvenymfa Metope, og bortførte ho, som var ein vanleg handling for gudar på denne tida. Poseidon førte ho til øya, som enno ikkje hadde namn. Han tilbaud seg å kalla øya opp etter ho, og namnet utvikla seg etter kvart til Kérkyra. Saman fekk dei barnet Faiax, som innbyggjarane på øya skal ha vore kalla opp etter: Faiakarar (på latin Phaeacius). Dette namnet har ikkje vore brukt sidan Homers tid.
Historia om øya er full av slag og erobringar, noko som har sett djupe spor i alle borgene og festningane på strategiske stader rundt om på øya. To av desse festningane ligg rundt byen. Det er den einaste byen i Hellas som er omgjeve av to festningar på denne måten, og den vert derfor offisielt kalla ein Kastrópoli (Festningsby) av den greske regjeringa.[4] I 2007 vart gamlebyen i Kérkyra by ein del av UNESCO si verdsarvliste.[5]