From Wikipedia, the free encyclopedia
Yellow Red Koninklijke Voetbalclub Mechelen er ein belgisk fotballklubb frå Mechelen som vart stifta i 1904 og som sidan 2007 har hatt plass i den belgiske toppdivisjonen. KV Mechelen spelar heimekampane sine på AFAS-stadion med opp til 13 213 tilskodarar på tribunane. Laget spelar då i raude- og gulstripete trøyer, samt svarte bukser og strømper.
Klubben hadde si fyrste stordomstid i 1940-åra; då han vart seriemeister tre gongar i tida 1943-48. Høgdepunktet for KV Mechelen er sigeren i i Cupvinnarcupen 1988, året etter at klubben vann sin hittil einaste triumf i den heimlege cupen. I 1989 vann laget den belgiske toppdivisjonen for fjerde gong. Målvakta Michel Preud’homme, Graeme Rutjes, Erwin Koeman, Marc Emmers og Leo Clijsters var dei viktigaste spelarane i gullåra under andre halvpart av 1980-talet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.