Karelsk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Karelsk er eit språk som høyrer til den austersjøfinske språkgreina av den uralske språkfamilien. Karelsk blir snakka av ca. 25 600 av dei ca. 60 800 karelarane i Russland framfor alt i den karelske republikken. Dessutan er det ei diaspora-gruppe i Tver sørvest for Moskva, dei er etterkommarar av karelarar som flykta frå dei svenske okkupantane på 1600-talet. Karelsk språk er ikkje det same som karelske dialektar av finsk.
Kjappe fakta
Karelsk karjala | ||
Klassifisering | uralske språk austersjøfinske språk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland, Finland | |
Område | Den karelske republikken i Russland | |
Karelsktalande i alt | ca. 25 600 (2010) | |
Rangering | ikkje blant dei 100 største | |
Skriftsystem | (Kyrillisk), latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Den karelske republikken | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | krl | |
ISO 639-3 | krl | |
Glottolog | kare1335 | |
Lukk