Kija
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kija (russisk Ки́я) er ei elv i Tomsk og Kemerovo oblast i Russland og ei av sideelvane til Tsjulym frå venstre i nedslagsfeltet til Ob. Elva er 548 km lang og har eit nedslagsfelt på 32 200 km².
Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Kija | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 32 200 km² | ||
Lengd | 548 km | ||
Kjelde | Kuznetsk Alatau | ||
Munning | Tsjulym | ||
Kija 56.8531°N 86.665°E / 56.8531; 86.665 | |||
Wikimedia Commons: Kiya River | |||
Lukk
Elva spring ut frå fjellkjeda Kuznetsk Alatau og renn nord-nordvestover. Ho munnar ut i Tsjulym rundt 40 kilometer oppfor byen Asino.
Dei viktigaste sideelvane er Tjazjin og Tsjet frå høgre, og Kozjakh og Antibes frå venstre.
Byen Mariinsk ligg ved Kija.