From Wikipedia, the free encyclopedia
Killeter (frå irsk Coill Íochtair, 'lågare skog')[1][2] er ein liten landsby og townland nær Castlederg i County Tyrone i Nord-Irland. Ved folketeljinga i 2001 hadde han eit folketla på 147.[3]
Killeter | |||
landsby | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Killeter 54.6687°N 7.6823°W | |||
Wikimedia Commons: Killeter | |||
Killeter har ein årleg marknad i august, som feirar dei ulike sidene ved det landlege livet. Landsbyen ligg langs ei gammal pilegrimsrute til Lough Derg i Donegal. Det nasjonale nettverket av sykkelruter følgjer ein del av denne ruta, som grensar mot Killeter Forest i vest.
I nærleiken av Killeter ligg Magherakeel, med ei heilag vasskjelde, kalkomn og ruinane etter ei gammal kyrkje. Magherakeel Monastic Site ved Lower Strabane Road, nær Castlederg, var eit viktig religiøst senter i Irland. Klosterstaden stammar frå 500-talet. Av St Caireall-kyrkja er det berre ein vegg att.[4] Saint Patrick’s Well i Killeter er ei vasskjelde som den heilage Patrick ifølgje soga skal ha stoppa opp for å drikka ved etter å ha forlate Lough Derg.[4]
Forfattaren Benedict Kiely har sagt at han bygde den oppdikta landsbyen Carmincross, i romanen Nothing Happens in Carmincross, på Killeter.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.