Kistebrev
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kistebrev, på dansk kalla kistebillede, på svensk kistbrev, var eit enkelt utført og billeg eitbladstrykk som var limt under eit kistelokk eller brukt som veggdekorasjon. Slike trykk var særleg populære i Skandinavia i perioden frå 1700 til 1850. Då blei dei masseproduserte som dekor, folkeopplysing og underhaldning for vanlege menneske. Kistebreva var oftast tresnitt trykt i svart-kvitt og handkolorerte. Dei bestod av eitt eller fleire bilete med ein forklarande tekst på prosa eller vers. Motiva var gjerne i naivistisk, forenkla og dekorativ stil med border og strekar. Dei kunne visa bibelske og historiske scener, portrett, allegoriske, satiriske, eventyrlege, preikande eller kvardagslege framstillingar. Mange av motiva var kjende over heile Europa og blei kopierte og tilpassa lokale tilhøve.
Kistebrev skal ikkje ha vore like vanlege i Noreg som i Danmark og Sverige der det var ein stor eigenproduksjon og dei blei vidt utbreidde i det gamle bondesamfunnet.