![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/49/Kitheronas.jpg/640px-Kitheronas.jpg&w=640&q=50)
Kitherónas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kitherónas (gresk Κιθαιρώνας) er ei fjellkjede sentralt i Hellas mellom Viotía i nord og Attikí i sør. Ho består hovudsakleg av kalkstein og er 1 409 moh. på det høgaste. Nordaustsida av kjeda er danna av fjellet Pástra.
Kitherónas Κιθαιρώνας | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Område | Viotía og Attikí | ||
Høgd | 1 409 moh. | ||
![]() Kitherónas 38.184444°N 23.249167°E / 38.184444; 23.249167 | |||
Wikimedia Commons: Cithaeron | |||
Fjellkjeda var åstad for mange hendingar i gresk mytologi og var særleg heilag for Dionysos. Oidipus vart avslørt på fjellet, medan Aktaion og Pentheos vart skild frå kvarandre her. I historiske tider var fjellet åstad for slaget ved Plataea i 479 fvt. og det var mykje småslosting her før sjølve slaget. I seinare tid var det bygd festningsverk både ved Plataea og Erythres sidan fjellet var ei omstridt naturleg grense mellom Aten og Theben (Thíva). Folket i Plataea personifiserte fjellet som deira opphavlege konge: «Plataearane kjenner ingen konge bortsett frå Asopos og Kithairon før han, den sistnemnde gav namnet sitt til fjellet, den førstnemnde til elva» (Pausanias 9.1.1).