Kong Abdullah økonomiby
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kong Abdullah økonomiby (KAEC, arabisk مدينة الملك عبدالله الإقتصادية) er eit megaprosjekt annonsert i 2005 av Abdullah bin Abdulaziz Al Saud, som då var konge i Saudi-Arabia.
Kong Abdullah økonomiby | |||
مدينة الملك عبدالله الإقتصادية | |||
by | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Region | Mekka-regionen | ||
Del av | Economic Cities and Special Zones Authorities | ||
Koordinatar | 22°24′N 39°05′E | ||
Kong Abdullah økonomiby 22.4°N 39.083333333333°E / 22.4; 39.083333333333 | |||
| |||
Wikimedia Commons: King Abdullah Economic City | |||
Nettstad: http://www.kaec.net | |||
Byen er utvikla over eit område på 173 km² langs kysten av Raudehavet, kring 100 km nord for Jidda, som er eit stort handelssenter i kongedømet. Byen ligg kring 1 time og 20 minutt frå den heilage, islamske byen Mekka og tre timar frå Medina med bil. Den totale kostnaden på byen er estimert til 86 milliardar dollar, og prosjektet vert utført av Emaar Properties.
Det første stadiet av byen stod ferdig i 2010, medan heile byen er venta å vere ferdig i 2020. Byen er meint å avlaste den oljebaserte økonomien i landet med å føre inn utanlandske og innalandske investeringar. Byen er òg skapt å skape ein million jobbar, særskild for ungdomen i landet, der 40 % av innbyggjarane er yngre enn 15 år.[1][2]