Kongebærfuglar
familie av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kongebærfuglar, Paramythiidae, er ein særs liten fuglefamilie avgrensa til høgtliggande skog på Ny-Guinea. Familien består av to artar i to slekter: meisebærfugl, Oreocharis arfaki, og arten kongebærfugl, Paramythia montium.[1] Dette er fargerike små til mellomstore sporvefuglar som beitar på frukt og litt insekt. Desse artane var tidlegare med i blomsterfuglfamilien Dicaeidae, men DNA-DNA hybridiseringsundersøkingar viste at desse to artane er relatert til kvarandre, men åtskilt frå blomsterfuglar.
Kongebærfuglar | |
Kongebærfugl, Paramythia montium | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Kongebærfuglar Paramythiidae |