![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9a/Royal_Standard_of_the_King_of_France.svg/langnn-640px-Royal_Standard_of_the_King_of_France.svg.png&w=640&q=50)
Kongedømet Frankrike
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kongedømet Frankrike var eit monarki i Vest-Europa i mellomalderen og tidleg nytid. Det var ein av dei mektigaste statane i Europa, og var ei stormakt frå og med høgmellomalderen. Landet var også ei tidleg kolonimakt.
Royaume de France Kongedømet Frankrike | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Nasjonalsong «Vive Henry IV» | |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Paris | ||||
Språk | fransk (de facto; offisielt) oksitansk, bretonsk, frankoprovençalsk, baskisk, elsassisk, vallonsk, lothringisk | ||||
Styreform | Absolutt monarki | ||||
Lovgjevande forsamling | États généraux Parlement | ||||
Historie | |||||
- Verdun-traktaten | 843 | ||||
- Den franske grunnlova av 1791 | 3. september 1791 | ||||
Valuta | Livre | ||||
1 Frankrike hadde ikkje noko offisielt flagg, men som i andre autokratiske monarki var standardflagget til konge nytta som hovudflagg for å representere Frankrike. |
Det hadde opphav i den vestlege delen av Frankarriket, og bygde seg opp til ei stormakt dei neste tusen åra. Ludvig XIV, òg kjend som solkongen, utvikla ein mektig stat og rettsteorien absolutt monarki. Etter kvart førte påverknaden frå opplysingstida, den aukande kostnaden med den amerikanske sjølvstendekrigen som Frankrike støtta fullt ut, aukande politisk forståing og borgarskapet sitt behov for politisk fullmakt til den franske revolusjonen. Kongedømet vart då det konstitusjonelle Kongedømet Frankrike og så Den første franske republikken.