Kunstig språk
konstruerte språk / From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit kunstig språk er eit språk som, i motsetning til naturlege språk, har vorte medvite konstruerte av menneske. Det finst ulike sortar av kunstige språk:
- Hjelpespråk: Hjelpespråk er skapt for å gi så mykje forståing som mogeleg. Desse språk er oftast a posteriori.
- Artistiske språk: Desse språka er skapt av personlege grunnar, dei er oftest a priori, men kan òg vera a posteriori.
- Eksperimentelle språk: Desse språka er laga for å prøva ut nye teoriar innom språkvitskapen, t.d å prøva å konstruera heilt logiske språk, eller språk med så få ord som mogeleg. Dei eksperimentelle språka er vanlegvis a priori.
A posteriori er språk som har utgangspunkt i naturlege språk, mens språk som er a priori sakner eit slikt grunnlag, og er derfor heilt nyskapande.