Konstruktørmeisterskapen i Formel 1
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Konstruktørmeisterskapen i Formel 1 (World Constructors' Championship (WCC)) vert delt ut av FIA til den konstruktøren som har scora flest poeng i løpet av ein sesong. Konstruktørmeisterskapen vart felt ut første gongen i 1958, og gjekk til Vanwall. Regjerande meister er Scuderia Ferrari som vann i 2007.
Treng oppdatering |
Dei forskjellige kombinasjonane av bil- og motorfabrikantar som tevlar, vert rekna som konstruktør i meisterskapen.
Poenga i Konstruktørmeisterskapen vert rekna ut ved å leggja saman poenga som førarane scorar i kvart løp. Fram til 1979 var det berre poenga til den føraren som fekk flest poeng som talde mot Konstruktørmeisterskapen. Det har berre hendt ni gonger at det laget som vann Konstruktørmeisterskapen ikkje også vann Førarmeisterskapen det året.
Berre 12 forskjellige konstruktørar har vunne meisterskapen, i dei 50 sesongane Konstruktørmeisterskapen har blitt delt ut. Scuderia Ferrari er den mest er mest suksessfulle konstruktøren med 15 titlar, der 6 av dei på rad frå 1999 til 2004.
Berre tre nasjonar har produsert ein vinnande konstruktør. Storbritannia (32 meisterskap), Italia (15) og Frankrike (3). Tel ein vinnande motorprodusent, er det åtte nasjonar. Italia (15 meisterskap), USA (10), Frankrike (8), Japan (6), Storbritannia (6), Australia (2), Luxemburg (2) og Tyskland (1).