grad i sjøforsvaret From Wikipedia, the free encyclopedia
Kontreadmiral er ein militær offisersgrad mellom flaggkommandør og viseadmiral i krigsflåtar, m.a. i den norske Marinen. Kontreadmiral svarar til generalmajor i hæren.
Sjølve ordet kontreadmiral kjem frå fransk og skal uttalast med trykk på o-en, ikkje på e-en. (Sjølv om mange i Sjøforsvaret uttaler det med trykk på andre staving, er dette ifølgje Norsk språkråd ukorrekt.)
Schoutbynacht (nederlandsk schout-bij-nacht) er den tilsvarande militærgraden til sjøs på 1700-talet. Mellom dei meste kjende schoutbynachtar i den norske historia er Peter Wessel også kjend som Tordenskjold. Han vart utnemnd av Frederik IV i desember 1718. Schoutbynacht vart i 1771 erstatta med kontreadmiral.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.