Kork
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kork (frå latin cortex, 'bork') er eit materiale som blir vunne ut frå korklaget i borken til korkeik. Kork kan nyttast til å korka flasker og glas, til fottøy, flytemateriale eller som materiale i tavler, hus og anna. Ordet «kork» kan også visa til stengsel for opningar av andre material, og i overført tyding til noko som er stoppa opp, som ein trafikkork.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kork (fleirtyding).
Korkeik (Quercus suber) veks særleg i dei vestlege middelhavslanda, som Portugal. Korken blir her særleg tjukk og kan skjerast av med 8–10 års mellomrom. Korkkambiet dannar stadig ny kork fram til trea blir rundt 150 år gamle.
- Korkmodell av Pont Valentré.
- Bikube av kork.
- Varmebrikker av kork.
- Korkplate
- Korkar brukt i vinflasker