Kulminasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kulminasjon tyder høgdepunkt eller toppunkt og syner i astronomien til den største eller lågaste høgda ein himmellekam har i løpet av døgnet. Den øvre kulminasjon skjer på den nordlege halvkula når himmellekamen står i meridianen mot sør, nedre kulminasjon mot nord. Stjernene får sin kulminasjon i meridianen; rørlege himmellekamar (planetar, sola, månen) særs nær meridianen.