Kunstig intelligens
grein av informatikken som søker å utvikle programvare med menneskeliknande intelligens / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kunstig intelligens (KI eller AI, frå engelsk artificial intelligence) er ei grein av informatikk som tek føre seg intelligent åtferd, læring og tilpassing i maskiner. Slike maskiner, som automatiserer oppgåver som skal krevje intelligent åtferd, kan t.d. vera kontrollsystem, automatisk planlegging, ekspertsystem som skal kunne diagnostisere problem eller svare på kundespørsmål; dei kan inkludere talegjenkjenning, skriftgjenkjenning og andletegjenkjenning.
Feltet har stor overlapping med datalingvistikk og kognitiv vitskap, i tillegg har mykje av det som no er rekna som «standardinformatikk» sitt opphav innanfor kunstig intelligens, t.d. stifinningsalgoritmar i grafar.
Andre felt som har vore viktige for kunstig intelligens er filosofi (spesielt sinnsfilosofi og logikk), matematikk, spelteori, økonomi, nevrovitskap, lingvistikk (spesielt semantikk), psykologi (spesielt kognitiv psykologi), kontrollteori og kybernetikk.